Oppgåve 1 og 2 - Skrevet av Mikal
Når du svinger av Riksveg 60 ved Drotninghaug innover mot Fausadalen blir du møtt av eit variert landskap. Når du følgjer vegen kjører du først forbi Fjellseter Skisenter, dette er eit rekreasjons landskap der folk utnyttar landskapet med alpint der man renn ned frå fjelltoppane og ned i dalføret. Bildet under er tatt frå toppen av dette skisenteret, rundt Nysætervatnet har Fjellseter Skisenter trakka langrennsløype. Folk som bruker denne løypa bruker også eit område langs løypa til bål brenning. Dette dannar eit rekreasjons landskap i ein sirkel rundt vatnet.
Nysætervatnet, som ligg i botn av dalføret og er 2,3 kvadratkilometer, har naturleg avrenning mot øst til Fausadalen og Storfjorden. Hytte landskapet ligg hovudsakleg rundt Nysætervatnet. I løpet av dei siste åra har hytte landskapet utvida seg, og nesten alle hyttene har no veg heilt til døra. Hytte landskapet kan også vere ei form for eit rekreasjons landskap. Hytte landskapet er ein stor del av «Inngangsporten» til Fausadalen.
I øst i enden av Nysætervatnet kjører du vidare mot Fausadalen. Der finn du eit kulturlandskap som består av 8 gardsbruk, ingen av dei er i drift, men den dyrka marka er blir hald i hevd. Fausaelva, som er avrenning frå Nysætervatnet, deler dalen i to. På Nordsida av dalen er det tett barskog medan sørsida ber preg av beiting av geiter, som gjer landskapet åpent. Her vil man sjå at gammalfuru og gammal barskog pregar terrenget. Det er også eit høgt fjelllandskap, og man kan sjå tregrensa ganske tydeleg. På sørsida går også Sætrevegen, som startar ved enden av vegen på Brune 250 moh, og går vidare sørover til nedsida av skura 575 moh ved Fausasætra. Denne vegen blir nytta som tursti, og her får man utsikt over Storfjorden.
Andre rekreasjons muligheiter i Fausadalen er blant anna toppturer til Ausskjeret, Fausteighornet,
Skurahornet og Kleivdalsfjella. Her er også muligheiter for fiske i Sætrevatnet, Kvangrovatnet, Blådalsvatna og i Nysætervatnet. Ein gapahuk ved Furunakken ved Sætrevegen er også mykje brukt av hyttefolk. Stor og småvilts jakt blir utført av grunneigarane i dalen. Om sommaren blir det bada i Nysætervatnet.
Ved å stå på Fausateighornet og sjå sørover mot Nysætervatnet vil ein sjå at hyttebygginga rundt vatnet har satt stort preg på landskapet. Det første man legg merke til er dei mange vegane som snor seg i alle retningar. Like godt ser man at alpint anlegget pregar fjellsida med si utbygging. I tillegg ser man alle båtane rundt Nysætervatnet med alle sine ulike fargar. I Fausadalen er kraftutbygginga til Stranda Energi ein stor del av det menneskelege påverknaden på landskapet. Dette ser man på rørgata som går frå kraftstasjonen ved fjorden opp etter fjellsida og framover dalen til Nysætervatnet. Rørgata setter sitt tydelege preg på dalen, og i tillegg på Nysætervatnet som tidvis er sterkt nedtappa med synleg botn som resultat. I kulturlandskapet ved gardane er det dyrkamarke, stier, geiler, veger og grøfter som utgjer den menneskelege inngripen.
Oppgåve 3 - Skrevet av Sindre
Vi har jordbrukslandskap, industrilandskap, fjordlandskap, høgfjellslandskap, busetnadslandskap og rekrasjonslandskap.
Jordbrukslandskap finn vi stort sett over alt i alle bygdene i Stranda kommune. Det er mange gardar som har blitt lagt ned. I Geiranger der eg bur, er det mange gardar som har blitt lagt ned. Her på Stranda og i Hellesylt trur eg det har hold seg ganske stabilt.
Industrilandskap kan vi sjå mykje av her på Stranda og på Hellesylt. På Stranda er det store fabrikkar og også nokon sandtak. På Hellesylt har Ole Ringdal som den «store» fabrikken. Det er og blitt bygd ut store kraftverk og vassmagasin i elvene i heile kommuna.
Storfjorden er den fjorden som gjer at Stranda kommune har eit fjordlandskap. Den mest kjente er Geirangerfjorden.
Høgfjellslandskap er noko av det som Stranda kommune er mest kjent for. Vi har stupbratte fjell og mange fjell. Litt av Sunnmørsalpane ligg her.
I alle bygdene og tettstadene er det busetnadlandskap fordi vi finn byggefelt, tettstader, industrifelt og eg trur talet på busette har vore ganske stabilt dei siste åra.





Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar